Opplevingar & aktivitetar
Quality Hotel & Resort Vøringfoss ligg i sentrum av Eidfjord like ved fjorden og er eit godt utgangspunkt for mange flotte opplevingar og aktivitetar i nærområdet. Her får ein alt frå adrenalinfylte opplevingar til kulturell føde.
Kjeåsen
Den kjente fjellgarden Kjeåsen ligg som eit ørnereir i den stupbratte fjellsida, 530 m over Simadalsfjorden. Ein kan komma seg dit enten ved å køyra eller ein kan ta beina fatt og fylgja turstien som går opp den bratte fjellsida.
Hardangervidda
Hardangervidda nasjonalpark vart oppretta i 1981 og er den største i Noreg. Det høgaste punktet er Sandfloeggi med sine 1721moh. På vidda finn ein eit rikt dyre og planteliv.Her er og eit stort rutenett med merka stiar og løyper så turmogelegheitene er mange både til fots og på ski. Hardangervidda er og eit populært område for dei som driv med kiting.
Hardangervidda Natursenter
Hardangervidda Natursenter er eit moderne og vilt spennande natur- og kulturhistorisk opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø. Levande utstillingar over 3 etasjar, akvarium og interaktive stasjonar. Den flotte panoramafilmen over 5 skjermar, produsert av Ivo Caprino gir deg ei spennande reise med helikopter over høge fjell, djupe dalar, vakre fossar, ville reinsdyr og mykje meir. Nettsidene til natursenteret finn du her.
FlatEarth
FlatEarth Adventures tilbyr ei rekkje daglege aktivitetar i sommarsesongen. Vel mellom utfordrande aktivitetar som kajakkpadling, elvekajakk, fun rafting, fossefallhopp eller klatring. FlatEarth har og utsyr for pil og boge skyting, samarbeidsoppgåver og andre lagaktivitetar. Dei tar i mot grupper resten av året for aktivitetar som er retta inn mot årstida som gjelder. Trykk her for å besøke FlatEarth sine heimesider.
Mikkelparken
Her kan born og vaksne boltra seg med aktivitetar som robåtar, bumpebåtar, badebasseng, jungelcruise m/radiostyrte båtar, minigolf, gullgraving, bondegard, jungelløype, teikne- og malehytta, klatretårn og dokketeater. Trykk her for å besøke Mikkelparken sine heimesider.


