
Om oss
Er de ute etter ein atmosfære som gir ro og velvære eller ynskjer de meir ekstreme utfordringar, Quality Hotel & Resort Vøringfoss og Eidfjord har då mykje kjekt å by på! Me vil gjera vårt beste for å legga alt til rette slik at de får eit eventyrleg opphald hjå oss.
Quality Hotel & Resort Vøringfoss finn du i den vesle bygda Eidfjord, innerst i Hardangerfjorden. Som eit eventyrslott ligg hotellet like ved fjorden, omkransa av det beste norsk natur kan by på. Med Hardangervidda, Noregs største nasjonalpark og den kjende Vøringfossen i nærområdet er det duka for mange fantastiske naturopplevingar.
Eidfjord er eit godt utgangspunkt for eit besøk til fleire attraksjonar i Hardangerområdet samt for dagsutflukter som t.d. til Hallingdal med Langedrag og Bjørneparken eller Flåmsbana med start på Voss Stasjon.
Mat er eit viktig element hjå oss og på kjøkkenet finn ein engasjerte og dyktige kokkar som diskar opp med kulinariske opplevingar av høg internasjonal standard. Kjøkkenet har og kvalifisert seg til kvalitetsstempelet ”Hardanger Mat” kor ein arbeider mot å få fram mest mogeleg lokal mat og tradisjonar.
I restauranten vår ”Hardangerfjord” vert de tekne godt vare på av våre servitørar som vil gjera sitt for at de skal få ei smakfull oppleving.


