Hotellrom
Hotellet har 81 flotte og luftige rom med variert utsikt frå fjord til fjell og bygdelandskap. 4 av romma er tilpassa for handikappa. Hjå oss finn ein rom med utsøkt design, nydelege fargar og herlege senger. Me kan og tilby ypparlege familierom, superior rom, deluxe rom, og suite. Nokre rom har og balkong ut mot fjorden.
-
Standard rom
Desse romma har utsikt over bygda og dalen vidare til Måbødalen. Romma er utstyrt med fjernsyn, telefon toalett og dusj samt dobbeltseng som det er mogleg å separera.
-
Superior rom
Dette er rom med fjordutsikt. Romma er utstyrt med fjernsyn, telefon, toalett og badekar samt dobbeltseng som det er mogeleg å separera.
-
Deluxe rom
Desse romma har i tillegg til fjordutsikt , balkong. Romma er utstyrt med fjernsyn, telefon toalett og badekar samt dobbeltseng som det er mogleg å separera.
-
Familie rom
Våre familie rom har faste senger til 3 – 4 personer. Romma er utstyrt med fjernsyn, telefon, toalett og badekar eller dusj samt 1 dobbeltseng og 1 – 2 ekstra senger.
-
Suite
Suite med boblebad og dusj samt ”king size” seng.