Fasilitetar
Hotellhagen
Hotellet ligg nydeleg plassert heilt nede i fjordkanten. Her kan ein fiska ifrå kaianlegget der cruiseskipa legg til eller ta seg ein liten dukkert. Me har ein nydeleg hotellhage kor me serverer mat og drikke etter dykkar ynskje.
Ved hotellet har me eit nydeleg parkområde som innbyr til aktivitet, med m.a. sandvolleyball bane. Her kan du og sitja i ro og fred med utsyn over Hardangerfjorden.
Restaurant
Me har og ein nydelig restaurant kor ein kan ha ei hyggeleg stund med god mat frå vårt kjente kjøkken.
Salonger og Bar
Me har fleire salongar som byr til sosiale samankomstar i ein avslappande atmosfære og ein triveleg bar som og høver godt for å treffast.
Leikerom
Borna kan boltra seg i vårt leikerom heile dagen sumaren og i skuleferiar, medan dei vaksne kan slappa av i lobbyen eller nyte middagen i restauranten.
Trådløs nettverk
Gratis trådlaust internett tilgjengeleg i heile hotellet for våre gjester.


